Byggeskikkpris til Blomregna gravplass i Førde

Blomreina, byggjeskikkprisen 2013

Førde kommune har tildelt Blomreina gravplass byggeskikkprisen 2013. Kirkeverge Oddvar Etnestad og hans medarbeidarar er stolte over både Blomregna og prisen!

Frå grunngjevinga:

”Nokon vil kanskje tenkje at det er seint å få byggeskikkprisen såpass mange år etter etablering, men ein slik stad treng nokre år for at pårørande og andre kan kjenne korleis den fungerer til sitt formål. Pårørande vi har snakka med, og andre som har omtala denne plassen har berre lovord å seie. Ikkje minst også fordi den vert så godt skjøtta. Stell og vedlikehald vert ivareteke av ein arbeidsglad og nitidig gjeng – Blomereina Arbeidslag. Vi vil også gje denne flotte gjengen ein honnør!”

Bildet: Oddvar Etnestad (kyrkjeverge), Halvard Brekke (Kronborg ressurshage), Harald Bruland (arbeidsleiar Blomereina arbeidslag), Geir Pettersen (Grindaker as Landskapsarkitekter) og Bjarte Berge (arbeidsleiar Blomereina arbeidslag) på plassen med utdelt diplom.

Byggherre: Førde kommune/Førde kyrkjelege Fellesråd
Arkitekt: Grindaker as Landkapsarkitekter
Hovudentreprenør: Magne Hafstad as